Få tilsendt nyheter
Kontakt oss
Meld deg på her
Forum

Jubileumstur til Irland 5-9.september

Skrevet av: , publisert 21.08.2023

No har vi fått første faktura frå reiseoperatøren vår. Vi skal betalen turen i to rundar, og Bjørg sender ut ein faktura no snarast på kr.5000,- pr pers. med betalingsfrist 20/4. Den siste fakturaen kjem i juni med betalingsfrist 20/7. 

 

Vi vert 42 kormedlemmer, 8 reisefølgje, 2 musikarar, 1 dirigent og 1 ekstra bass som blir med på turen- totalt 54 turdeltakarar.

51 av oss reiser tur/retur Bergen- Dublin, og 3 av oss reiser tur/retur Oslo- Dublin. Avreise utpå torsdag føremiddag med retur måndagskveld. 

Førebles turutkast nedanfor (Gjeldande prisar er ikkje i dei som står i programutkastet, men dei som står nederst på sida her. Turprogrammet vil bli meir detaljert og oppdatert i byrjinga av mai.


Hardanger KorAkademi Dublin.pdf

 

 

 

Torsdag 5.september- måndag 9.september reiser vi til Irland på 15års jubileumstur for Hardanger KorAkademi. 

Vi bur to netter i Dublin og to netter i annan by (under arbeid)

Turen kjem på kr.12.490,- inklusiv Fly t/r med alle skattar og avgifter, transfer i egien buss frå/til flyplass i Dublin, 4 netter i sentrale hotell Dublin, Frokost, Sightseing i Dublin med reiseleiar, 2 konsertar/ resitals, reiseleiar - inkluderer ikkje: Lunsj og middag, utflukter, enkletromstillegg, Irish evening og transport dit.  Pris er basert på dagens valutakurs, og minimum 40 deltakarar.

Enkeltromstillegg kjem på  kr. 800 pr.natt. 

OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer