Få tilsendt nyheter
Kontakt oss
Meld deg på her
Forum

Korseminarhelg 23-25.mai

Skrevet av: , publisert 01.10.2024

Vi ser fram til ein ny korvår med nytt repertoar og med festivalkonsert i Norheimsund kyrkje under Hardingtonar 1.pinsedag 8.juni saman med dirigent Arild Remmereit. 

Vi set opp ei eller fleire ekstraøvingar som dei som har høve, kan vere med på. Første ekstraøving er onsdag 7.mai kl. 19.15 i Jondal kyrkje. Dei som kan, møter fysisk i kyrkja. Viss nokon ønskjer å følgje digitalt, ber Anne Karin om at de sender melding til sms91394982 med namn og mailadresse innan 7/5 kl.14, slik at dei som ønskjer det, får link, og kan logge seg på.

Vi ønskjer særskild 4-5 ekstra bassar og 4-5 ekstra tenorarar med i Hardiongtonar-prosjektet.  Melder du deg på som seminardeltakar, men ønskjer å bli medlem i koret, finn vi tid til stemmeprøve undervegs i korhelga, og så vurderer HK evt. medlemskap utfrå stemmeprøva. 

Prosjekt Hardingtonar omfattar seminarhelga i mai og konsert i Norheimsund kyrkje på Hardingtonar pinsedag 8.juni kl.17.00 pluss at ein får tilsendt notefiler og øvingsfiler og stiller godt førbudd til korhelga 23-25,mai. 

Her er påmeldingslink for både faste kormedlemmer og seminardeltakar:                       https://forms.gle/4xoUQ4edjpCtdfC3A          Takk til alle kormedlemmer for tilbakemelding innan 5.mai

Minner alle faste kormedlemmer om at både påmelding og melding om evt. forfall skal meldast via påmeldingslinken.

Fredag 23/5 kl.18.15-21.15: Korseminar på Jondal bedehus

Laurdag 24/5 kl.10.15-18.15: Korseminar på Jondal bedehus (Varm middag for dei som ønskjer kl. ca.18.30, dersom vi er 12 eller fleire som ønskjer fellesmåltid)

Søndag 25/5 kl.10.15-16.15: Korseminar på Jondal bedehus 

 

OBS! Viss nokon manglar notar, prøver dei å få printe ut desse eller laste dei opp digitalt snarast mogeleg, slik at dei får førebu seg godt i forkant av nete korhelg. Øvingsnotar og ekstra tekstar ligg både på Dropbox og på ChoirMate.  Øvingsfiler ligg på ChoirMate. 5 av songane har fleire vers enn som står i notane. Her driv AKS og lagar stemmefiler på dei ekstra versa. Brudefærden og Come again er ferdige. For Guds folk, Ut i vår hage og Sommarpsalm kjem snart. Seminardeltakarar får tilgong til notar via link eller mail.

 

Nestleiar Ingeborg har laga speleliste på Spotify kalla: hardangerkorakademi2025ihg

Dirigent Arild har lytta på ulike utgåver på YouTube og anbefaler oss å lytte til linkane som han har lagt til oss på ei melding i ChoirMate, og som også no er lagt under dei aktuelle songane nedanfor.

Repertoar for Hardingtonarkonserten er songane nedanfor:

 

Norsk:

Brudefærden https://www.youtube.com/watch?v=L-HmVbGE8LE  (Sjå også eige tekstark og ekstra øvefiler)

Hardangersong 

 

Tveitt:

Sumarnatta https://www.youtube.com/watch?v=fe5TMP7rkqg

Hirlids kveda 

Velkomne med æra  (arr. av Per Indrehus. Kvammakoret eig Inderhus-arrangementet, og dei har gjeve oss løyve til å bruke det på Hardingtonar. NB! Håkon Berge sitt arr. vert difor ikkje nytta denne gongen) 

 

Bjarne Sløgedal:

For Guds folk er hvilen tilbake (frå To folketoner fra Sørlandet) https://www.youtube.com/watch?v=ARm65rAt_kA (Sjå også eige tekstark. Ekstra øvingsfiler kjem)

Herre Jesus, gi meg nåde (frå To folketoner fra Sørlandet)  https://www.youtube.com/watch?v=NJll-TZM6Wk

 

Svensk:

Ut i vår hage https://www.youtube.com/watch?v=a1Pm5oNSRZs (Sjå også eige tekstark. Ekstra øvingsfiler kjem)

Glädjens blomster https://www.youtube.com/watch?v=KQFn1WVsJ2Y

Sommarpsalm https://www.youtube.com/watch?v=9txe5qEQZ1Q (Sjå også eige tekstark. Ekstra øvingsfiler kjem)

 

Engelsk:

The long day closes https://www.youtube.com/watch?v=dPc9cbrArM8

Sing we and chant it https://www.youtube.com/watch?v=AcA6QdMAvO8

Come again  https://www.youtube.com/watch?v=L8vkvHJ2K8Q (Sjå også eige tekstark og ekstra øvefiler. NB! Her har stemmene ulike antal stavingar på siste del, lytt nøye på øvingsfilene og fordel teksten slik det vert gjort på øvingfila - om fil og note ikkje stemmer overeins.)

 

NB! Øvingsfilene på ChoirMate hjelper oss med tekst og stemmeføring. Pust og føredrag gjer vi som dirigenten ber oss om. Grunna hås stemme og mange stemmer å lære :) er ikkje pust og føredrag tipp topp på filene. Flott om de gjev melding til Anne Karin dersom de har spørsmål om ei eller fleire filer, så kan det lagast nytt opptak om det trengs. Lukke til.  

 

 

 

 

 

OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer