Få tilsendt nyheter
Kontakt oss
Meld deg på her
Forum

Vedtekter HKA

Skrevet av: , publisert 09.09.2025


Hardanger KorAkademi- vedtekter pr.22.01.2023.pdf

Vedtekter for Hardanger KorAkademi,

stifta som Hardangerkoret 29.april 2008
og endra namn til Hardanger KorAkademi på årsmøtet 21.januar 2023

page1image20932976

Målsetjing:

Hardanger KorAkademi skal vere eit korakademi for songarar og dirigentar
frå Hardangerregionen og omland. Hardanger KorAkademi skal vere eit akademi der både dirigentar og vanlege songarar saman kan hente lærdom som dei kan ta med attende til lokalmiljøa sine og dele med lokale kor og songarar der. Hardanger KorAkademi vil spreie songglede og ivareta songtradisjon, inspirere til vidare arbeid lokalt og til samarbeid regionalt. Hardanger KorAkademi vil profilere Hardanger med konsertar både i og utanfor regionen.
*****

Øvingar:

Hardanger KorAkademi har inntil 5 prosjektsamlingar per år. Samlingane alternerer i Hardangerregionen og omland. Det vert ført frammøteprotokoll og koristane melder aktivt frå om frammøte og fråvær i forkant av prosjektsamlingane.
*****

Repertoar:

Alle medlemmene kan fremja framlegg til repertoar.
Korrepertoaret vert fastsett av musikkutvalet, der dirigenten er leiar. Musikkutvalet har 3 medlemmer: kormedlem, styreleiar og dirigent. Representanten frå koret vert valt på årsmøtet for 1 år .
*****

Fagleg leiing/ dirigent

Styret sørgjer for at Hardanger KorAkademi har musikkfagleg leiing/ dirigent med høgare kompetanse.

Dirigent/korturar:

På turar der Hardanger KorAkademi treng dirigent, betaler korakademiet utgiftene for dirigenten. På andre turar/utflukter der det ikkje er naudsynt med dirigent, stiller dirigenten på likefot med medlemmene, betaler turen sjølv, eller korakademiet betaler turen for alle *****

Kontingent:

Kontingenten for komande år, skal betalast seinast i februar-mars. Årsmøtet vedtek årskontingenten.
*****

Kormidlane:

Kormidlane skal disponerast av styret til Hardanger KorAkademi sitt beste.
Dersom Hardanger KorAkademi vert oppløyst, skal disponible midlar stå på ein sperra konto og berre nyttast til etablering og drift av nytt korakademi i regionen. Etter 10 år kan midlane også fordelast på kora som hadde medlemmer i Hardanger KorAkademi ved

page1image20932768 page1image20934224 page1image20934432 page1image20934640 page1image20934848 page1image20935056

Vedtekter reviderte pr. 21.januar 2023

Hardanger KorAkademi Vedtekter pr.21.01.2023 Side 2 av 2

avviklinga. Eit avviklingsstyre skal oppnemnast og ha ansvar for vidareføring/ fordeling av midlane, og fordeling skjer etter antal medlemmer kora har hatt i Hardanger KorAkademi. *****

Revisor: Årsmøtet vel revisor for 1 år. *****

Styret:

Val av styre skjer på Hardanger KorAkademi sitt årsmøte, Årsmøtet vert halde innan utgongen av mars.

Styret har 5 valde medlemmer (Leiar, nestleiar, skrivar, styremedlem(mer) og kasserar - dersom kasserarfunksjonen ikkje er delegert ut av styret)
og 2 varamedlemmer.

Leiar vert vald for 1 år.

Halvparten av styret elles vert vald kvart år, slik at 2 styremedlemmer står på val kvart år. Styremedlemmene vert valde for 2 år, varamedlemmene for 1 år.

Årsmøtet vel leiar. Styret konstituerer seg elles sjølv. *****

Styret har møte etter behov. Styrereferata er tilgjengelege for kormedlemmene.

Årsmøte:

Framlegg til årsmøtesaker frå medlemmene, må vere styret i hende seinast 3 veker før årsmøtet.

Sakspapira til årsmøtet skal vere tilgjengelege for medlemmene seinast 14 dagar før årsmøtet.

page2image20845440 page2image20845648 page2image20845856

Hardanger KorAkademi- vedtekter pr.22.01.2023.pdf
OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer