Takk for DRAUMEN
Skrevet av: , publisert 29.09.2025
Søndag 16.november kl.17.30 vitja vi Ullensvang kyrkje med konserten DRAUMEN. Tusen, tusen takk til alle dykk som var med og skapte ei fin konsertoppleving igjen. Tusen takk til alle songarane, til diktlesarane, til musikarane og, ikkje minst, tusen takk til dirigent Nina Pedersen.

Dette var første konserten vår saman med vår nye dirigent Nina Pedersen. Med oss hadde vi også musikarane Arild B.Nielsen- perkusjon/ trompet mm, Per Arild Skorgen- piano og Ole Amund Gjersvik- kontrabass. Det var fint for koret å fa skape ein konsert saman med musikarane våre og ny dirigent og byrje å kjenne på kva vi kan skape saman i tida som kjem. No gleder vi oss til gode korsamlingar i februar, mai og september og til konserthelg i november i året som kjem. Og er du ein av dei som kan tenkje deg å bli med, meld deg på og bli med på seminar.
Litt bilete og lyd frå konserten vert etterkvart å finne på facebooksida vår eller her, om vi får det til.
Plakaten i pdf.format