Få tilsendt nyheter
Kontakt oss
Meld deg på her
Forum

ALTIPLANO & HK 16 & 17.09

Skrevet av: , publisert 05.06.2023

Altiplano møtte Hardanger KorAkademi & vikardirigent Bjørn Holum 15-17.september og inviterte til konsertar med i Bergen, Åsane og Voss under turnéen «Slipp mine fløyter fri»  

 

 

 

«Jeg føler det helt inn i ryggmargen. De dypeste tonene fra den største panfløyten mer kjennes enn høres. Tonene blandes med mange andre toner fra andre panfløyter i forskjellige størrelser. Musikken til Altiplano er eksotisk, fascinerende, sprudlende og vakker.» (sitat frå publikumar )

Altiplano såg dagens lys i Chile i 1976. Grunnleggjaren var Mauricio Vicencio, som framleis er frontfiguren i Altiplano. Dei første inspirasjonskjeldene fann dei i musikken til Aymarastammen i Bolivia og i Peru. Sidan har dei henta element frå fleire urfolk i Syd- og Mellom-Amerika.

Samarbeidet med SKRUK, Per Oddvar «Prots» Hildre og Erik Hillestad starta alt på slutten av 1980-tallet. I 1989 spela Altiplano inn den første CD´en saman med SKRUK. Den fekk tittelen «Slipp mine fløyter fri» og vart ein gjengangar i NRK på 90-talet. Fleire av tekstane er på spansk, men flesteparten er gjendikta til norsk av Erik Hillestad. Han presenterte tekstane for indianarar i Ecuador. Dei rosa han for kor godt tekstane hans traff kulturen og tankesettet deira og kor godt dei passa inn i kulturen der melodiane hadde sitt opphav .

I høve SKRUK sitt 50-års jubileum, kjem ALTIPLANO til Norge i august og september for være med på Jubileumsfeiringa til SKRUK og for å møte HARDANGER KORAKADEMI (tidlegare Hardangerkoret) og fleire av dei kora dei har møtt tidlegare i Norge.

Hardanger KorAkademi øver no på repertoaret dei skal ha saman med Altiplano, musikk med spenstige rytmer og flotte klangar.

Laurdag 16. september blir det konsertar med Altiplano og Hardanger KorAkademi i St.Paul kirke i Bergen (kl.15) og i Åsane kulturhus (kl.20).

Søndag 17.september vert det konsert i Voss gamle kino (kl.19) . Det er berre å sette av tid til Altiplano og Hardanger KorAkademi  med ein gong. 

Plakaten i pdf format finn de her:


2023.09 HKplakat Altiplano.pdf

Konsertane er støtta av Aktivitetsmidler for kor og av Sparebanken Vest

OKDenne siden benytter cookies
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å bedre din brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke vårt nettsted samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler . Detaljer