Mjuke tonar i Hardanger
Skrevet av: , publisert 08.08.2026
Vi startar opp haustsemesteret med ein felleskonsert saman med Bergen entusiastkor i KABUSO, laurdag 5.september kl.15.00. OBS! Nytt øvingslokale. Vi øver i ungdomshuset Holmatun i Øystese frå kl.10 - og kormingling etter konserten vert også i Holmatun.
Repertoaret vårt 5/9 vert:
Bruremarsj frå Valsøyfjord
Velkomne med æra
The long day closes
World o world
Liberetto
Litle fuglen (allsong som vi lærer på laurdag. Lytt gjerne til opptaket som vert lagt på ChoirMate)
Ca. plan for konsertdagen:
Niste: Alle tek med seg eiga niste og drikke. Kaffe får vi lage på øvingsstaden. Anne Karin, Ingeborg og Andi stiller med kaker til evt. litt pause & til korminglinga etterpå.
Svart antrekk og til evt. notar- svart perm.
kl.10.00: Vi møter på Holmatun, Øystese (NB! Ny øvingsstad) for nokre gode timars eigenøving :)
Det vert ein allsong- som fellesnummer og allsong. Den ligg på ChoirMate. Litle fuglen- to folketonar som kan syngast saman. Om vi skal ha noko fellesøving på denne, organiserer vi det undervegs på laurdag.
kl.15.00: Konsert i KABUSO, Øystese.
ca-kl.16.30 , ca : Kormingling HK og entusiastkoret. Enkel servering med litt snacks og drikke. Dersom det vert innandørs, har vi høve til å vere i Holmatun.
Om HKsongarar har hug og høve, er dei også hjarteleg velkomne til å ete middag på Hardangerfjord hotel saman med Bergen Entusiastkor kl.19, sjølvsagt til eigen kostnad. Her tingar kvar enkelt middag for seg eller for den gruppa dei går saman med.